Tekster

---
Dikt
---
(15/11/12)

Forlatt
du spør hvordan jeg har det;

vel,
jeg sitter i barnesetet
i bilen

blikket mot bygningen
du forsvant
inn i

vel,
jeg er alene
i skumringen

hendene mot regnfylte
vinduer uten
viskere

vel,
jeg kjenner ingen
på parkeringen

pakker vinter-
jakken
tettere om meg

vel,
jeg føler meg
kald for bilen er
stillestående

det er som om
jeg venter (forgjeves)
på at du kommer tilbake

vel,
jeg vet ikke
jeg vet ikke hvorfor
du spør

(24/11/11)
God Morgon
som eit lite barn
kan eg føle
kva som dansar
utafor vindauget


før eg opnar
auga
og lukte
kva som er
rundt meg når
eg stig ut døra -
ut i verda


eg går

lyttar
til skoa som
knirkar
mot grunnen
og eg ser det;
eg ser solas fyrste
strålar


dei glitrar frå bakken

eg har høyrt
snøen sin kvite
melodi, eg

Jula -
ho er nær
---
(24/08/11)
Sjølvfølelse

veit du
at


du er ein
blome
fordi du treng
lys?

eg føler

den katta
du er òg
fordi du treng
kos

eg kan
bekrefte

du er eit
barn
grunna din

latter


eg ser
du er eit
tre
fordi du treng
tid


eg synes

du er ein
stige;
du hjelpar
andre
opp


og eg kan sjå
skya
du er på
himmelen
fordi du treng
fridom?


jo

eg veit
nemleg

du er eit
menneskje
venen min;

ta vare på
deg sjølv